Det å ha eit valg er noko som opptar meg. Der ligg det uendelige muligheter, både for enkeltpersonar og bedrifter.
Eg vil tillate meg å påstå at valg er noko alle kjenner svært utfordrande frå tid til annan.
Det å ha mennesker ein kan snakka og reflektere i saman med og som gir nye perspektiver har ofte stor nytteverdi.
Som barnehagelærar, EQ terapeut, familieterapeut og 25 års erfaring som leiar har eg både kunnskap og erfaring som eg gjerne deler med deg.
Mitt fokus er at det er du som har svaret på kva som er best for deg som privatperson, og/eller for deg og din bedrift.
Eg vil vera den som stiller undrande spørsmål og har ein reflekterande tilnærming til det du deler.